Sentralt på Søre Sunnmøre – Ekstremt og koseleg i Volda

Volda kan by på alt frå ekstrem tinderand til koseleg havstrand. For deg som skal oppleve området er det viktig å vite at også mellom desse to ytterpunkta har Volda svært mange gode opplevingar å by på.

Sunnmørsalpane er ei verdskjend merkevare med sylspisse og staute fjell. Etter kommunesamanslåinga mellom Volda, Bjørke/Viddal og Hornindal ligg mange av fjella i Volda, og nokre framleis i Ørsta. Kvitegga på 1717 tronar toppen. Slogen og Hjørundfjorden rundt er svært populære turmål, i tillegg har vi ei rad med fjellopplevingar, som til dømes Galten – Trolltunga i miniformat.

Vikingskip

Bjørkedalen er kjend frå NRK-dokumentaren Vikingarven og har ein imponerande produksjon av trebåtar og Vikingskip bak seg. På Bjørkedalsvatnet kan du leige deg eit Vikingskip.

Studiestaden

Volda er kjend som studiestad og svært mange berre må legge turen innom for å mimre om studietida si, og besøkje det koselege Volda sentrum med mange butikkar, både i kjøpesenteret Spinneriet og i handlegatene.

Volda sentrum er ein koseleg handelsstad ved fjorden, der du finn det aller meste. Volda er spesielt er kjent som aktiv skulestad.

Mange tilbod

Kometland finn du Noreg sitt største amatør astronomisenter. Området har mange populære lakseelvar, mange museum, med mellom anna Fyrmuseum, Aasen-tunet, trykkerimuseum og Anders Svor museum. Sjøorm i Hornindalsvatnet. Mange badeplassar. Sandvolleyballbaner. Leike- og skatepark. I Volda finn du godt miljø og anlegg for både kiting, surfing og downhillsykling. Volda sentrum har fått ny kommunal gjestebrygge.

Sentral plassering

Volda ligg sentralt til i regionen og har gode kommunikasjonar. Det er gode tilbod på hotell, airbnb, hytter og camping. Dermed er Volda ein sentral plass å bu om ein skal oppleve området, som ligg nær opp til verdsarvområdet for Vestnorsk fjordlandskap. Hovudattraksjonen er Geirangerfjorden, men det er på sin plass å minne om alle dei vakre fjordane i Volda-området.

Møre